Petter Reinholdtsen

Skolelinux-intervju: Helge Tore Høyland
22nd February 2013

Etter en lang pause og travle uker har jeg endelig klart å få samlet et nytt intervju med en av folkene i Skolelinux-miljøet. Denne gang er det Helge Tore Høyland, en mangeårig bidragsyter på epostlistene og ellers i prosjektet.

Hvem er du, og hva driver du med til daglig?

Eg er IT-konsulent/teknikker hjå eit firma i Steinkjer med navn Uno IT. Uno IT er eit lite firma som drifter nettverk og maskiner for små og mellomstore firma Steinkjer-området. Per dags dato er me 2 ansatte. Min faglege bakgrunn er Fagbrev som it-teknikker, samt nokre fag innen nettverk- og server-drift frå HiST og NTNU. Dagleg arbeid består i oppsett av nye maskiner og hjelp til sluttbrukere, samt oppsett og vedlikehold av eit vidt spekter av fagsystemer ute hjå kunder. Erfaring med Skolelinux har eg hatt i forbindelse med drifting av Bjørkly skule, ein privat grunnskule i Namsos-området. I dag har skulen 65 elever, 15 lærere, 1 hovedserver og ca 60 klienter som kjører halvtjukt. Eg har bygd og driftet systemet sidan summaren 2006.

Hvordan kom du i kontakt med Skolelinux-prosjektet?

Eg kom i kontakt med Skolelinux-prosjektet via ein artikkel i eit fagblad, som eg ikkje lenger hugsar namnet på. I og med at eg allereie hadde pusla med nettverk for ein annan skule, fatta eg straks interesse for prosjektet.

Hva er fordelene med Skolelinux slik du ser det?

Fordelane med Skolelinux er sentralisert administrasjon og svært mange gode verktøy «ut av boksen». Veldig kjekt å kunne drifte 60 klientar med berre å «bry» seg med ein server. Levetid for systemets hardware er og ein veldig fin effekt. I tillegg kjem fordelar som økt sikkerhet og mindre lisenskostnader. Etter min erfaring er det og mykje mindre driftskostnader med eit slikt system enn konkurrerande system, pga enkelhet med sentralisert administrasjon. På grunn av at Skolelinux er basert på Debian er det òg svært stabilt.

Hva er ulempene med Skolelinux slik du ser det?

Ulemper er mangel på vilje til å følge standarer ute i markedet, som fører til mangel på støtte til nokre mykje brukte ting. Flash og Java er typiske eksempel. Sidan Debian satsar på stabilitet framfor å ha nyeste pakke av eit program, kan ein i nokre tilfeller kome borti at program vert «for gamle». Det er spesielt nettlesaren som er utsett. Mangel på vilje til å utvikle pedagogisk programvare, i Noreg, for «alle» platformer fører òg til noko hovudbry.

Hvilken fri programvare bruker du til daglig?

Til dagleg bruker eg svært mange forskjellige «fri programvare» program. Firefox, Thunderbird, Freecommander, ImgBurn, Clonezilla, OCS inventory, Icinga, Skolelinux, SystemRescueCD og mykje meir.

Hvilken strategi tror du er den rette å bruke for å få skoler til å ta i bruk fri programvare?

Strategisk må ein fokusere på at sluttbruker eigentleg ikkje er så fokusert på at det er fri programvare men at det skal «berre fungere». Gjer det enkelt å bruker og ikkje minst å administrere. For Skolelinux sin del må ein få eit betre fokus på overganger. Utbytting av servere må gå meir automatisk, import og eksport av brukerbase og maskinbase med meir må kunne gå enkelt og oppgradering til neste versjon må bli mykje meir automatisk og gjennomtesta. Ein må unngå at ein må sette opp frå start når ein byter ut ein server eller oppgraderer til neste versjon. For å få Skolelinux til å bli eit betre alternativ for skular må ein ha fokus på nettlesaren. Denne må bli «up to date» og støtte dei protokollar og tillegg som vert brukt av forlag med meir. Etter kvart som meir og meir blir flytta ut i «skya» vert dette viktigare og viktigare. Ein kunne ynskje og jobbe for at forlag med fleire tar i bruk opne standarer, men inntil det skjer, må systemet kunne brukast mot desse fagsystema.

For meg har prosjektet med Skolelinux vore ein svært artig og lærerik prosess. Miljøet rundt er ikkje enormt stort, dog stort nok, men det er svært hjelpevillig og engasjert.

Tags: debian edu, intervju, norsk.

Created by Chronicle v4.6