Petter Reinholdtsen

Skolelinux-intervju: Sturle Sunde
19th January 2011

Denne gang har jeg fått tak i en mangeårig unix-mann som etter mange år ved Universitetet i Oslo, der jeg først traff ham, har flyttet tilbake til vestlandet, og der bidratt til å revitalisere Skolelinux-oppsettet i Florø.

Hvem er du, og hva driver du med til daglig?

Sturle Sunde, ansvarleg for skulenettet i Flora kommune. Eg driv, vidareutviklar og er andrelinje brukarstøtte for datanettet ved skulane i Flora kommune. 10 skular og meir enn 700 maskiner med Linux, medrekna tynnklientar. Tidlegare jobba eg i mange år med unix-drift ved Universitetets senter for informasjonsteknologi ved Universitetet i Oslo.

Hvordan kom du i kontakt med Skolelinux-prosjektet?

Det er vanskeleg å svare konkret på. Eg har drive med Unix og Linux i alle år, og Skulelinux er eit godt kjent prosjekt i miljøet. Det var først i 2008, då eg tok til i min noverande jobb, at eg fekk bruk for Skulelinux for alvor.

Jobben min skulle vere drift av eit nytt skulenett i Flora kommune, levert av eit firma eg ikkje vil reklamere for. Systemet skulle vere ferdig levert i september året før. Dette viste seg å ta mykje lenger tid, og i haustferien 2008 hadde dei endå ikkje klart å få opp ei fungerande løysing. Situasjonen var prekær for den største skulen i kommunen med meir enn 500 elevar på ungdomssteget. Skulen hadde brukt Skulelinux før, og var tilfredse med det. No hadde dei vore utan fungerande datasystem i nesten eit år. Difor fekk eg opp ein ny tenar utanfor prosjektet og installerte Skulelinux på den. Etter litt justering av konfigurasjonen med god hjelp av #skolelinux på IRC, var den nye tenaren oppe og gjekk med både tynne og halv-tjukke klientar. Autentisering gjekk mot det nye systemet, slik at elevar og lærarar framleis har same brukarnamn og passord over alt. Dette berre fungerte, og vi bestemte oss for å erstatte delar av løysinga vi skulle få levert med Skulelinux.

Det høyrer med til historia at det nye systemet eg skulle drive frå januar 2008 endå ikkje er ferdig levert. Dei jobbar med saka, seier dei, og har von om å fullføre leveransen i løpet av 2011.

Hva er fordelene med Skolelinux slik du ser det?

Det er veldig mange. Eg skal ta nokre få.

Den viktigaste fordelen er at det igrunn berre er ei maskin å passe på, og det er tenaren. Med andre løysingar har ein gjerne programvare og anna som skal vedlikehaldast på kvar enkelt maskin. Med Skulelinux kan alle feil rettast og alle program oppgraderast på alle maskiner samstundes ved å gjere endringa som må til på tenaren. Eg kan sitje på kontoret og passe på alle tenarane i kommunen derifrå.

Skulelinux er lagt opp til å vere veldig lett å installere rett ut av boksen på ein heil skule av ein interessert lærar. Det er ofte ei god løysing for skulen. Å ha nokon til stades som kjenner systemet og kan forklare enkle ting eller løyse problem der og då, er uvurderleg viktig for ein stressa lærar fem minutt før det ringer inn.

Hva er ulempene med Skolelinux slik du ser det?

All den ferdige konfigurasjonen gjer det tungvint å tilpasse Skulelinux til eit system som skal fungere saman med mange andre installasjonar i eit felles datanett for skulane i ein kommune. Det heile er prekonfigurert for ein skule, og utviding til mange skular med eigne tenarar er ikkje berre enkelt.

Hvilken fri programvare bruker du til daglig?

Eg brukar mest alle små hjelpeprogram som føl med operativsystemet, samt scriptspråket perl. Elles er Firefox/Iceweasel, Gnome-terminal og ssh i kontinuerleg bruk. Av Linux-distribusjonar brukar eg både Debian, Ubuntu, SuSE og RedHat dagleg. Eg prøvar å finne det verktyet som passar best til kvar del av jobben.

Hvilken strategi tror du er den rette å bruke for å få skoler til å ta i bruk fri programvare?

Det er to målgrupper ein må sikte mot. Det eine er alle skulane som manglar eller har eit lite tilfredsstillande opplegg i dag, og ikkje har råd til å kjøpe noko nytt og blankpussa opplegg. Der er det om å gjere å gjere det enkelt for skulane å finne Skulelinux, og gjere det enkelt for dei å få hjelp til installasjon på skulen. Gjerne med lokale kontaktpersonar. Her er det dugnadsinnsats som må til, for desse skulane har ikkje råd til å betale for dette.

Den andre og kanskje viktigare målgruppa er dei meir eller mindre profesjonelle kundane. Alle store offentlege innkjøp, inkludert innkjøp av nytt datasystem for skular, må ut på offentleg anbod. Offentlege anbod er mykje meir lukka enn dei gjev inntrykk av, og både regelboka og boka med triks for å sminke tilbodet er tjukk. Det er vanskeleg å komme inn utan eit solid salsapparat i ryggen. Kanskje Skulelinux skulle prøve aktivt å få seg eit partnarskap med eit av dei store som gjerne vil sterkare inn på den offentlege IT-marknaden? Nokon som kjenner triksa og har krefter til å ta opp kampen mot både dårlege anbod og Rudolf Blostrupmoen IT AS. Leveranse til skulane i ein kommune er ein god måte å få ein fot inn døra som leverandør til ein lukrativ kommunemarknad som kjøper alle tenester. Ta kontakt med nokon som er passeleg store og ikkje er Microsoft-partnar, og fortell: «Vi har eit ferdig produkt som du kan selje. Nei vi skal ikkje ha for det. Du kan gjerne gjere kva du vil med det, berre vi får lov til å hjelpe deg. Målgruppa er alle kommunar, og det er noko dei vil ha. Det er eit godt produkt, brukt av mange og godt likt.»

Tags: debian edu, intervju, norsk.

Created by Chronicle v4.6